Få ei oppdatert oversikt over norsk forsking på fråfall i vidaregåande opplæring - og eit innblikk i korleis omgrepet «fråfall» blir brukt. Etterpå vender vi blikket mot elevane sine eigne perspektiv på gjennomføring.
Saman gir innlegga nye innsikter for både politikk, praksis og vidare forsking.
Program
- Korleis ser forskinga på "fråfall" i vidaregåande opplæring i Noreg ut? Sølvi Mausethagen, prodekan for forsking og utvikling ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar, OsloMet
- Kva fremmar gjennomføring i vidaregåande opplæring – sett frå perspektivet til elevane? Evi Schmid, professor ved Institutt ved yrkesfaglærarutdanning, OsloMet
- Samtale i plenum
Om LUI-lab
LUI-Lab er ein møteplass for å dele kompetanse, kunnskap og tankar om tema som spenner på tvers av fagområda på Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar (LUI) og inspirere tilsette til engasjerande samtaler og diskusjonar.
Denne gongen opnar vi opp for både tilsette ved OsloMet, studentar og andre interesserte.